odal - wardruna lyrics
me er eit gamalt tre
med nysprungne knoppar
mot sola me strekk oss
fram for å vekse
høyr!
langt nede i rot
og i ringar av år
kved dei gamle
høyr!
langt nede i rot
og i ringar av år
i barken sit sår
dei vitnar om ære
dei vitnar om nid
somme svir meir enn andre
sjå meg djupt i
augene blå
du må forstå
hugs at alle
eingong forlét
natta den kjem
eg gjev deg din odel
om du vil ha
den fer ikkje fra
tungt den veger
hugs, ta ikkje meir
enn du orkar å bere
djupt i jord
gjev rot deg retning
når stormar fer
dei knakande
kvedar
sjå meg djupt i
augene blå
du må forstå
hugs at alle
eingong forlét
natta den kjem
eg gjev deg din odel
om du vil ha
den fer ikkje fra
tungt den veger
hugs, ta ikkje meir
enn du orkar å bere
for kvar einaste spire
vert me høgare og djupare
odal
Random Song Lyrics :
- riding on the back - tyler flo, coco quinn, gavin magnus lyrics
- amsterdam - douwe bob lyrics
- invention - logan182 lyrics
- azərbaycanım - ilhamə qasımova lyrics
- down to the letter - chris petersen lyrics
- fancy things - kayden lyrics
- pretty. the pretocals. - taycasso lyrics
- a chama de um viver - joão luiz corrêa lyrics
- maailma meidän jälkeen - janna lyrics
- predigra - nikola milenković lyrics