hibjørnen - wardruna lyrics
[tekst til “hibjørnen”]
[vers 1]
soli ho kvervar støtt på sin sti
skogens hjuring hev krabba i hi
drøymer søtt på ei moseseng
om summande biar i blomstereng
[vers 2]
soli ho kvervar beint i si bane
honnigdraum lokkar mitt gap og mi gane
vindane ular og elva ligg still
eg lyt nok kvile litt til
[refreng]
der ute syng isen sin svevnlokkesong
yver land, yver tjørn
yver binna og yver bjørn
der ute syng isen sin svevnlokkesong
yver åker og eng
yver hi og dvaleseng
[vers 3]
soli ho kvervar støtt på sin sti
dagen veks i eit krympande hi
hjuringen blæs og møyane lokkar
svarttosten kvitrar som rismålsklokkar
[refreng]
der ute syng verda si vaknevise
yver land, yver tjørn
yver binna og yver bjørn
der ute syng verda si vaknevise
yver åker og eng
yver hi og dvaleseng
yver binna og bjørn
ut or hi og dvaleseng
Random Song Lyrics :
- коктейль (розовое вино 3) - lllegacccy lyrics
- miracle maker - 御子柴百太郎(cv.鈴村健一) (momotaro mikoshiba (cv: kenichi suzumura)) lyrics
- pewpewpew g6 xpansion pak bootleg 2020 - 4lung lyrics
- la copita - mojinos escozios lyrics
- cheers to the girls - amber lawrence lyrics
- drain me! - lil pxz lyrics
- petrol head - ash walker (london) lyrics
- my destiny is set - lyrics e lyrics
- big sleep - mirabelle. (pop-punk) lyrics
- kardeşlik rmx - batuflex, uzi, lvbel c5 & critical lyrics