lirikcinta.com
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 #

svevn - gåte lyrics

Loading...

[tekst til “svevn”]

[vers 1]
kom svevn og sval meg smertefri
i vogga vesol vitrar
fred har alt som er forbi
der livet lid og kvitrar
for sut og lukke er av tid

[vers 2]
kom kvil og kvelde ifrå kav
til roa røynda reier
alt som sev er utan krav
på veg til det som teier
for svevnen jamnar som eit hav

[instrumental]

[vers 3]
ei dimme møter kvar og ein
som er på veg attende
der allting i ei klåre skein
ligg skodde kringom hende
for myrker legg seg over mеin

[vers 4]
det kjem til vaketid og gaum
i grеnselause tankar
der sansing i ein minnestraum
seg i bilete sankar
for, meir og meir, blir livet draum
[instrumental]

[mellomspill]
kom svevn og sval meg smertefri
fred har alt som er forbi

[vers 5]
ei soge bur i alt av liv
frå folk til kryp og blomar
men inkje alt si soge skriv
som berre eig ein somar
for f*gerdomar innom sviv

[vers 6]
kom svevn og gjer meg heilesæl
på ferda inn i stilla
lat meg kjenne i mi sjel
eg vengestig or villa
for svevnen gåtesvar fortel

[outro]
kom svevn og sval meg smertefri
kom svevn og sval meg smertefri
fred har alt som er forbi

Random Song Lyrics :

Popular

Loading...