hammarsong - blodsmak lyrics
[vers 1]
sett deg ned min gamle venn og aksle av di bør
i smia er det enno godt og varmt og raudt av glør
du forten di kvile no, fri for sorg og sut
du gjekk deg vill i mørkret, men du fann heim til sl-t
du gjekk deg vill i mørkret, men du fann heim til sl-t
[vers 2]
ikkje heng med hovudet for dei som vart igjen
smeden slår for alle, konge, narr og svein
hammaren han syng ein song for kvar ein liten gnist
dei som går vill i mørkret, finn alltid heim til sist
dei som går vill i mørkret, finn alltid heim til sist
[pre-chorus]
på himlen flyg ein einsam ramn
vingar tunge av sakn
[chorus]
ta det som kjem, gløym det som var
gjer deg kisteklar
vegen er smal og porten er trong
stem i hammarsong
[vers 3]
når hammaren har stilna og jernet kvilar kaldt
og ingen lenger minnes alle tårane som falt
i smia finn du ambolten, ein hammar og ein smed
han vis deg veg i mørkret, så du finn heim i fred
han vis deg veg i mørkret, så du finn heim i fred
[pre-chorus]
i skogen stryk ein stille vind
ditt namn eit sus som forsvinn
[chorus]
ta det som kjem, gløym det som var
gjer deg kisteklar
vegen er vandra for siste gong
stem i hammarsong
[pre-chorus]
i senga gret din hjertevenn
vil ho få sjå deg igjen?
[chorus]
ta det som kjem, gløym det som var
gjer deg kisteklar
vegen er smal og porten er trong
stem i hammarsong
[chorus]
når vegen er lang og natta hard
gjer deg kisteklar
ambolten med sin mektige klang
stem i hammarsong
stem i hammarsong
Random Song Lyrics :
- call me - john cowan lyrics
- canción 187 - juan gabriel lyrics
- allay - cocklobin lyrics
- grounds for divorce (elbow cover) - little hurricane lyrics
- what child is this - young oceans lyrics
- 5. скоро рассвет (feat rosenblatt) - qianti lyrics
- 기다려요 - 브라운 아이드 소울 lyrics
- como 2 e 2 - gal costa lyrics
- motives - tony(mellowposse) lyrics
- take off in a bit - the digi destined lyrics